Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.


torsdag 28. november 2013

Hausten


Tidlegare i haust feira me 30 år på husflidsdagen. Pent pynta bord:

jubileumsbord

- og pent pynta damer:

jubileum

Det vanka god mat og drikke, og me mimra om alt me har drive med desse åra.

 

Julemessa er over, lotteripremiane er delte ut, og me har tent litt dette året også.

No er adventstida rett rundt hjørnet, og me set arbeidskveldane på vent til neste år.

Onsdag 27.11. hadde me ein liten juleverkstad:

Engleverkstad

Engel

Ha ei fin juletid!

mandag 7. oktober 2013

Kaffikoking og slikt

Hausten er her, og me har starta oppatt arbeidskveldane på lagsrommet.

Hovudrommet er ferdig oppussa, og me er komne inn att der. Me har rydda ut av vevrommet vegg i vegg. To store vevstolar er flytte ut, så dugnadsgjengen kan gå laus på golv, tak og vegger.

Eg strevar med å få lagt ut ei ansvarsliste i høgre marg slik som me har hatt det før, så derfor blir det slik:

09.10.  Irene
16.10.  Olina
23.10.  Solfrid
30.10.  Ida
06.11.  Marianne
13.11.  Ingebjørg
20.11.  Gerd Marie
27.11.  Turid

Den som har ansvar, syter for kaffimat og –koking, og set på varme på lagsrommet på føremiddagen. Tangingane kan ringe Inger og avtale at ho set på varmen. Slik slepp dei ekstratur til Øvre den dagen.

 

DSC_1068

onsdag 26. juni 2013

Innflytting

Me leiger lokale hjå Årdal folkehjelp. Huset er gamalt, og blir pussa opp litt etter litt av ein driftig dugnadsgjeng. Denne vinteren har det vore vår tur. Nytt golv, tak, vegger, stikkontaktar, vindauge og lamper – til og med nokre nye stolar.


lagsrom2


No er det tid for å flytte på plass saker og ting. Ein vevstol er komen på plass.

lagsrom1


Lyst og lekkert har det vorte. Her blir det flott å vere vevkjerring.


lagsrom3


Nye hyller er på plass – monterte heilt utan mannfolkhjelp.


lotteriteppe4


Meir monteringsarbeid er snart ferdig. Til hausten loddar me ut eit flott slumreteppe i oldemorsruter.

lotteriteppe2


Lekkert, ikkje sant?

tirsdag 2. april 2013

Blåhuva


Presten U. F. Bøyesen skildra blåhuva i “Beretninger” i 1817. Francis M. Wyndheim skriv i 1859 om den same topphuva som er typisk for mannfolka i bygdene i indre Sogn.

Blåhuva

Sogn bunadnettverk hadde flossakant som tema på siste handarbeidskvelden på museet. Det passar godt.

Blåhuva detalj

Tidleg på 70-talet  spøtte Magni Hjelmås ny huve etter den gamle som Sverre O. Asperheim hadde frå Seimsdalen. Ho skreiv også oppskrift, og det er denne me skal bruke når me 17. april startar opp med å strikke huva. Då har me god tid på oss fram til 18. september, når me skal lære oss å knyte flossakanten.

Slik tek me vare på ein gamal skikk og ein gamal teknikk.

Blåhuva i graset

 

Huva på bileta er ei av dei som Magni spøtte.

tirsdag 5. mars 2013

Form, farge og funksjon

 

- var tittelen på husflidskonsulenten sin presentasjon sist veke.

 

Godt 20 frammøtte fekk ei lekkert illustrert innføring i Johannes Itten si fargelære.
Omgrep som primær- sekundær- og tertiærfargar var kjende for dei fleste.
Komplementær- og simultankontrast er me ikkje så ofte borti, men det er spennande tema. Spennande var det også å høyre om korleis fargevalg kan endre korleis me oppfattar miljøet kring oss.

 

Ein del av opplegget var hekling av oldemorruter. Der set me samen ulike fargar etter beste evne, ofte av restegarn, og det kan vere greit å ha litt fargeteori å støtte seg på.

                                 

Det går fint an å hekle sjølv om armen er gipsa. Broderi er visst litt verre.

Takk for inspirerande besøk, Synøve. Me ser alt fram til neste gong du kjem til indre strok.

torsdag 7. februar 2013

Husflidskonsulenten kjem

Onsdag 27. februar kjem husflidskonsulenten i fylket vårt, Synøve Eriksen Vadøy, på vitjing.

Sist ho var her, hadde ho med ein spennande presentasjon av namnedukar og historien bak dei.

Denne gongen tek ho for seg form, farge og funksjon – heilt grunnleggande ting i alt husflidsarbeid.

Møtet er i storstova på ungdomsskulen i Øvre Årdal, og startar kl 19.00. Alle er velkomne!

Dette skriv Synnøve sjølv:

                3 x f

               form – farge og funksjon

                med hovedvekt på farge

               

 
 

Farger er som folk – de påvirker hverandre!

Husflidskonsulenten forteller om Ittens fargelære, som har stor innflytelse på designere, kunstnere og deg!

Gjennom tekst og bilder får du lære litt om primærfarger, og hva som skjer når vi blander disse.

Det blir også tid til å hekle oldemorsruter med farger i harmoni og kontrast. Ta gjerne med noe restegarn og passende heklenål!

Alternativt kan du ta med annet håndarbeide som du holder på med. Kanskje kan du fortelle noe om ditt fargevalg?

Velkommen!

tirsdag 15. januar 2013

Museumskveld

 

Sogn bunadnettverk jobbar vidare med Lærdalsvotten:

image

Slik ser plakaten ut. Me gleder oss til nok ein lærerik kveld på museet.

Lærdal husflidslag har meir om flossakantar i innlegget sitt.