Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.


tirsdag 2. april 2013

Blåhuva


Presten U. F. Bøyesen skildra blåhuva i “Beretninger” i 1817. Francis M. Wyndheim skriv i 1859 om den same topphuva som er typisk for mannfolka i bygdene i indre Sogn.

Blåhuva

Sogn bunadnettverk hadde flossakant som tema på siste handarbeidskvelden på museet. Det passar godt.

Blåhuva detalj

Tidleg på 70-talet  spøtte Magni Hjelmås ny huve etter den gamle som Sverre O. Asperheim hadde frå Seimsdalen. Ho skreiv også oppskrift, og det er denne me skal bruke når me 17. april startar opp med å strikke huva. Då har me god tid på oss fram til 18. september, når me skal lære oss å knyte flossakanten.

Slik tek me vare på ein gamal skikk og ein gamal teknikk.

Blåhuva i graset

 

Huva på bileta er ei av dei som Magni spøtte.