Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.


onsdag 26. juni 2013

Innflytting

Me leiger lokale hjå Årdal folkehjelp. Huset er gamalt, og blir pussa opp litt etter litt av ein driftig dugnadsgjeng. Denne vinteren har det vore vår tur. Nytt golv, tak, vegger, stikkontaktar, vindauge og lamper – til og med nokre nye stolar.


lagsrom2


No er det tid for å flytte på plass saker og ting. Ein vevstol er komen på plass.

lagsrom1


Lyst og lekkert har det vorte. Her blir det flott å vere vevkjerring.


lagsrom3


Nye hyller er på plass – monterte heilt utan mannfolkhjelp.


lotteriteppe4


Meir monteringsarbeid er snart ferdig. Til hausten loddar me ut eit flott slumreteppe i oldemorsruter.

lotteriteppe2


Lekkert, ikkje sant?