Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.


mandag 22. november 2010

Julekuler

På Husfliden i Bergen er alt det lyse kardefloret utsolgt – iallefall var det tomt på laurdag.

Arne og Carlos har skapt ei dille, og me kastar oss på.

Ein av medlemmane våre har tjuvstarta, og melder at det går best med trepinnar nr 2,5.
Ho har også brukt over 30 gram ull i kvar kule for å få dei faste nok.

Arne og Carlos kuler

Julemøtet er onsdag 24. november. Ta med (finull)garn og pinnar.

tirsdag 16. november 2010

Handarbeidskafé på museet

Me har ikkje arbeidskveld på lagsrommet onsdag 17. november.

Då tek me med oss eit handarbeid til De Heibergske samlinger i Kaupanger.
Der er det kaffi og kaker, andre indresogningar med sine arbeid, og noko å lære om gamal teknikk av damene i bunadnettverket.

Blir du med?

tovavottar SH

mandag 8. november 2010

Vel blåst for i år

Det gjekk fint i år også!

grå tovatøfler SH


Det var masse fine strikka varer på messa vår – og ikkje så veldig mykje anna.

lommetøfler


Jau , forresten – det var jo baksten som var viktigast: Årdalskling, sunnfjordkling
og kransekaker. Det utgjorde meir enn halve omsetnaden vår!

 

treskurd LM

Og så var der litt trearbeid

treskurd2LM

- som mange gjerne skulle hatt – om dei hadde hatt ein plass til det, sa dei.

 

Porselen MN

Vakker porselensmåling var der også -

englar i betong og gips gravdekor i betong

og røffare betong til ulike høve.

 

flaskenissar SH

Me kallar det ikkje ei julemesse tidleg i november – men nissar var der no likevel.
Fine, er dei ikkje?

søndag 31. oktober 2010

Husflidsmesse

Til helga er det messe. Er du klar?

Lotteri1
No er det tid for å feste trådar, stryke, merke, lage liste – ja, du veit.

Lotteri2
Fredag mellom 19.00 og 20.00 tek me imot husflid for salg.

Lotteri3

Er du ikkje ein av dei som skal selje noko, håpar me du tek turen likevel.
Me har husflid til salgs, kafé med heimebakst og nysteikte vaflar, og så har me lotteri.

Bileta her er av gevinstar – nokre av gevinstane. Me trekker etter dørene er stengde laurdag.

Me opnar dei klokka 11.00, og stenger kl 14.00. Velkomen skal du vere!

lørdag 30. oktober 2010

Handarbeidskafé på museet

Den 17. november er det duka for ny temakveld på museet.

Sogn bunadnettverk er i full gang med førebuingar til kvelden, så det er berre å begynne å glede seg til nok ein spennande kveld.

Tema denne gongen er “perlenett på tekstil”.

Tru om det kan vere noko slikt som dette?

Jente Hodep

Biletet av jentebora er lånt frå Magasinet Bunad.

søndag 17. oktober 2010

Tamburering med Siri

Så mange har me ikkje vore samla på lagsrommet sidan me hadde Aurland husflidslag på vitjing!

 

















 

 

 

 

 

Det er enklast å skildre teknikken som hekling gjennom stoff. På oversida ser det ut som kjedesting. Kanskje er det også derfor at musea kringom ofte ikkje veit om at dei har tamburerte gjenstandar i magasina - ikkje før dei har hatt Else Johnsrud på vitjing.

Siri er i ferd med å kopiere ei konehuve funnen i Jostedalen. Her er brukt tamburering, plattsaum og franske knutar.

Teknikken kom eigentleg frå Kina, fortel Siri, og den har fleire fordeler. Arbeidet veks mange gonger så raskt, stinga blir jamnare, og det er enkelt å rekke opp om det trengst. Kjedesaumen kom til Europa på 1400-talet, og vart helst brukt av kyrkje og adel. Då tambureringa kom på 1700-talet, spreidde den seg raskt til alle samfunnslag.



Siri hadde med seg ferdige arbeid, påbegynte arbeid, og nokre oppspente råmer som me kunne prøve oss på. Ein interessant og litt annleis kveld for alle som møtte. Tusen takk, Siri!

 


 
 

torsdag 30. september 2010

Tema: tamburering

Onsdag 6. oktober vil Siri Benjaminsen vise oss tamburering.



Denne teknikken var brukt til å dekorere nokre av dei gamle hengehuvene som var brukte i indre Sogn i fyrste halvdel av 1800-talet.

Sogn bunadnettverk hadde derfor kurs med Else Johnsrud i teknikken, og Johnsrud var også på Sogn folkemuseum og hadde ein temakveld der for ei tid sidan.

Fotoet er lånt frå Magasinet bunad si heimeside, og her kan du lese meir om teknikken.

onsdag 29. september 2010

Velkomen!

Så kjekt at 27-åringen har fått seg eigen blogg!

Håpet er at det skal vere lett å oppdatere medlemmar og andre interesserte på denne måten.


Me har lagt planar for hausten, med kurs i bunadkjede og hårband for konfirmantane, bakstekurs, og studiering i sølvarbeid. Tida og påmeldingane vil vise kva me får i gang.