Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.


fredag 18. november 2011

Messehelg

Me gjer som me pleier:

Før messa 2

Dampar, fester trådar, merker og prisar.

Før messa

I kveld riggar me lokalet, tek imot produsentane og registrerer varene deira. Me ser til at alt vert pent lagt fram, og at alle får passe mykje plass. Lotterigevinstane skal stillast pent ut, og boka gjerast klar. Loddsal i tre timar!

Så går me heim og førebur dagen i morgo med kakebakst, og ser fram til årets messedag.

Det er fire messer i Øvre denne dagen. Korleis slår det ut, tru?

onsdag 20. juli 2011

Fornying

Me har vore heldige!

Feiosvev1

Gamle, skakke vevstolar har sin sjarm – heilt til ein skal veve noko i dei.
Over sommaren har me skifta ut ein av dei gamle vevstolane med ein nesten ny – ei gåve til laget.

Feiosvev3

For ein månads tid sidan var leiar og sekretær i fin driv med montering av det ny vidunderet. Den store vevboka låg oppe på rette sida, bitane smatt fint saman – men så mangla det litt.
Ein manglande bom og nokre kilar stoppa oss der og då. I dag sette me saman resten.

Feiosvev2

Me har planar om ringvend, og treng berre dei fire skafta som stod i no.

Feiosvev4

Men vidunderet har ti skaft og trøer, kontramarsj og det heile. Her kan me veve oss lekker dreiel seinare.
Om ein liten månad startar me opp att aktiviteten på tysdagane.

torsdag 31. mars 2011

Smøyg på museet

 

Det er så fin stemning desse handarbeidskafekveldane på museet.

Gjensynsgleda er stor – mange fjes går igjen frå gong til gong, og dei kjem frå heile indre Sogn.

Smøyg med Siri 1

Siri er eit grundig og engasjert tekstilmenneske, og ho er ein god formidlar. Me sat fengsla medan tida flaug.

Smøyg 2

Spennet i uttrykk frå silke på lin -

Smøyg 3

til ull på lin, er stort.

Smøyg 5    Smøyg 6

I andre deler av landet har også smøygbroderia vore meir fargeglade og leikne.

Me lærte at smøyg er ein eldgamal teknikk. Den er veldig økonomisk, for lite av den farga brodertråden ligg på baksida av arbeidet. Det meste ligg på framsida, og ein fester også trådendane der. Symbolbruken er viktig, i tilleg til det reint dekorative.

Me fekk også eit innblikk i Siri sitt arbeid med Huldreduken. Dette håpar me å få følgje etter som det skrid fram.

Tusen takk til Sogn bunadnettverk for nok ein triveleg og lærerik kveld på museet.

mandag 28. mars 2011

Smøyg

 

Onsdag 30 mars kl 1900 vert det ny handarbeidskafé på De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum i samarbeid med Sogn Bunadnettverk. Temaet denne gongen er smøyg som er ein eldgamal saum- og dekorteknikk.

Smøyg, og kalla vevsaum eller glitt, er brukt på fleire tekstil ein kan finne i museet sine samlingar, til dømes på dåpstøy og bringeduk. Saumteknikken finn ein oftast på klede/tekstil med seremoniell funksjon. Middelaldertekstilet Huldreduken frå Årdal har smøygsaum. I nokre tekstil er smøyg kombinert med andre sting t.d holbeinsting. Det kan ein finne på dåpstøy frå Sogn.

Holbein detalj

På handarbeidskafeen vil Siri Benjaminsen frå Sogn Bunadnettverk gi ei innføring i smøygsaumen. Det vert teke fram tekstil med smøyg frå museet sine samlingar. Det er til møtet laga ei materialpakke i smøygteknikk som ein kan kjøpa for å øva seg på saumen.

I tillegg vert det utlodding, museumsbutikken er open og i kafeen vert det servert kaffe, te og kaker. Det er gratis inngang og alle er velkomne. Ta gjerne med handarbeid.

Håpar mange av dykk har høve til å møte !

Med venleg helsing
Sogn Bunadnettverk
v/Siri

mandag 14. februar 2011

Sølv

Ei vitjing hjå Aurland husflidslag fekk følgjer:

Sølv 1

kjekke følgjer, ikkje sant?

Sølv 2

Bileta viser litt av det sølvdamene våre har laga.

Sølv5 brighter

Det har vore snakk om å vitje glasgjengen i Lærdal i vinter.

Skal tru kva som kjem utav det – .

torsdag 3. februar 2011

Årsmøte

Me held årsmøte i kveld, torsdag 3. februar kl 18.00.
Vel møtt!

Ein start