Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.


Viser innlegg med etiketten smøyg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten smøyg. Vis alle innlegg

torsdag 23. februar 2012

Kva har denimbukser og Huldreduken felles?


Akkurat. Blåfargen. Den blåfargen.

Det som særpregar dette stoffet med opphav i Nimes i Frankrike, er at det falmar så vakkert med bruk og vask.
Når me veit at duken er omlag 600 år gamal, så er jo fargen fantastisk.


klårast farge på baksida

Siri er i gang med å finne rett farge på broderitråden til rekonstruksjonen sin, og har fått napp nettopp i Frankrike. Der finst ein verkstad som fargar med vaid – til overmål ein økologisk verkstad. Vaid (Isatis tinctoria) er planten som er brukt til Huldreduken. Nærare originalen enn dette kjem ein neppe!

Kjekt at underteikna kunne vere til nytte i dag – då fargeprøvar skulle vurderast, mål takast, og faldar granskast med lupe. Det er ikkje kvar dag ein får høve til å oppleva ein så gamal tekstil. Det finst ikkje så mange av dei.

Neste steg no er å få farga inn det meste av dei 3000 handtvunne metrane med broderlin. Snart kan sjølve broderinga ta til.

torsdag 31. mars 2011

Smøyg på museet

 

Det er så fin stemning desse handarbeidskafekveldane på museet.

Gjensynsgleda er stor – mange fjes går igjen frå gong til gong, og dei kjem frå heile indre Sogn.

Smøyg med Siri 1

Siri er eit grundig og engasjert tekstilmenneske, og ho er ein god formidlar. Me sat fengsla medan tida flaug.

Smøyg 2

Spennet i uttrykk frå silke på lin -

Smøyg 3

til ull på lin, er stort.

Smøyg 5    Smøyg 6

I andre deler av landet har også smøygbroderia vore meir fargeglade og leikne.

Me lærte at smøyg er ein eldgamal teknikk. Den er veldig økonomisk, for lite av den farga brodertråden ligg på baksida av arbeidet. Det meste ligg på framsida, og ein fester også trådendane der. Symbolbruken er viktig, i tilleg til det reint dekorative.

Me fekk også eit innblikk i Siri sitt arbeid med Huldreduken. Dette håpar me å få følgje etter som det skrid fram.

Tusen takk til Sogn bunadnettverk for nok ein triveleg og lærerik kveld på museet.