Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.


torsdag 28. november 2013

Hausten


Tidlegare i haust feira me 30 år på husflidsdagen. Pent pynta bord:

jubileumsbord

- og pent pynta damer:

jubileum

Det vanka god mat og drikke, og me mimra om alt me har drive med desse åra.

 

Julemessa er over, lotteripremiane er delte ut, og me har tent litt dette året også.

No er adventstida rett rundt hjørnet, og me set arbeidskveldane på vent til neste år.

Onsdag 27.11. hadde me ein liten juleverkstad:

Engleverkstad

Engel

Ha ei fin juletid!

mandag 7. oktober 2013

Kaffikoking og slikt

Hausten er her, og me har starta oppatt arbeidskveldane på lagsrommet.

Hovudrommet er ferdig oppussa, og me er komne inn att der. Me har rydda ut av vevrommet vegg i vegg. To store vevstolar er flytte ut, så dugnadsgjengen kan gå laus på golv, tak og vegger.

Eg strevar med å få lagt ut ei ansvarsliste i høgre marg slik som me har hatt det før, så derfor blir det slik:

09.10.  Irene
16.10.  Olina
23.10.  Solfrid
30.10.  Ida
06.11.  Marianne
13.11.  Ingebjørg
20.11.  Gerd Marie
27.11.  Turid

Den som har ansvar, syter for kaffimat og –koking, og set på varme på lagsrommet på føremiddagen. Tangingane kan ringe Inger og avtale at ho set på varmen. Slik slepp dei ekstratur til Øvre den dagen.

 

DSC_1068

onsdag 26. juni 2013

Innflytting

Me leiger lokale hjå Årdal folkehjelp. Huset er gamalt, og blir pussa opp litt etter litt av ein driftig dugnadsgjeng. Denne vinteren har det vore vår tur. Nytt golv, tak, vegger, stikkontaktar, vindauge og lamper – til og med nokre nye stolar.


lagsrom2


No er det tid for å flytte på plass saker og ting. Ein vevstol er komen på plass.

lagsrom1


Lyst og lekkert har det vorte. Her blir det flott å vere vevkjerring.


lagsrom3


Nye hyller er på plass – monterte heilt utan mannfolkhjelp.


lotteriteppe4


Meir monteringsarbeid er snart ferdig. Til hausten loddar me ut eit flott slumreteppe i oldemorsruter.

lotteriteppe2


Lekkert, ikkje sant?