Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.


mandag 28. september 2015

Sognevotten


Onsdag 30.09. er det klart for handarbeidskafé på museet att.
Gi Marianne beskjed om du vil vere med på samkøyring, eller møt opp på eiga hand.

2015-09-26 20.08.40


Sognevotten og biletepresentasjon frå bunadsmønstring på handarbeidskafe onsdag 30 september. For å halde lokal strikketradisjon i hevd, har Sogn bunadnettverk teke Sognevotten fram frå gøymsla. Votten har mønster etter eldre border frå Sogn og er laga av Alette Bull på 1930-talet. Initiativtakarar var to lokale kvinner Marie Vangsnes og Inga Walaker. Historia til votten og mønsteret stod prenta fyrste gong i URD i 1937. Sogn bunadnettverk har no laga materialpakke med mønster og garn som vert presentert på handarbeidskafeen. For dei som ynskjer å starte strikkinga på møtet, ta med strikkepinnar i storleik i 1,5 -2 mm. Da kan vi strikke kanten i tveband i lag. På møtet vil vi og vise bilete frå den store bunadsmønstringa som vart arrangert under Nynorske Litteraturdagar i 2014. Der vart modellar med bunader frå ulike tidsperiodar presenterte, og 5 vakre kronebrurer med utstyr frå Årdal, Luster, Vik, Lærdal og Leikanger tok heilt pusten frå forsamlinga.


 sognevotten forside         2015-09-24 19.33.49 Årdalskruna1         Brurepynt Årdal




fredag 25. april 2014

I veven

Renninga var eit fellesprosjekt – med dei utfordringane som følgjer. Me fekk då sveipa den på, og det var mange meter.

Desse spolane var berre der. Ingen visste kvar dei kom frå, eller kva slags garn det var. Bomull, litt mjukt og i tunnaste laget til å vere filleryerenning, men me tok sjansen.

 

hovling


Det ser ut som det kan vere Hillesvåg sitt 10/4 renningsgarn.


Lin


Me har hovla ein ringvend på berre tre parti, kvart på omlag 27 cm. Her er ein træingsfeil retta, og fyrste rya har fått ein kant med linrenning 10/3 i innslaget. Det er knytt ned til eit sett trøer i toskaft også, men kvifor ikkje prøve med den fine diagonalen i heile rya?


felta


Det blir ei rye i svart på ubleika renning. Det er ikkje enkelt å finne svarte filler, og å farge dei inn er dyrt og mykje styr. Løysinga vart svart billig Ikea bomullsstoff . Remsene er skorne på 1”, og det ser ut til å passe bra. Fire meter stoff blir ein god meter rye. Ideen kom frå Loppberga.


gåseauge


Med så store “gåseauge”, og det svart/kvite, så blir det ei ganske maskulin og litt røff fyrste rye. Renninga ser ut til å tole filler, heldigvis. Me har omlag 30 meter på bommen.


utsikt


Lyse og nyoppussa lokale, og ingen ting å seie på utsikta heller, når ein sit i denne vevstolen.

Då står det berre att å få opp dei andre tre vevane. To av dei ligg framleis i lause deler etter oppussinga, men det blir vel ei råd.

I mellomtida kan ein drøyme seg vekk i vakre foto frå Tekstilmakeriet.

Me har jo vevstolar til både plisserte sjal og linløparar med papirgarn i innslaget, me.

fredag 28. mars 2014

Tradisjon

Det er viktig å ta vare på tradisjonane våre.

bakstehelg1

Søndag 23.3. samla me oss på skulekjøkenet.

bakstehelg2

Det gjekk i sunnfjordlefser og årdalskling.

bakstehelg3

Me kjevla og skravla.

bakstehelg5

Synnøve hadde ein finger med overalt, og det var godt for rustne bakstekjerringer.

bakstehelg4

Irene lagde lærdalsvarianten med surost. Mmmm.

Neste gong blir det visst flatbrød og potetkaker.