Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.


mandag 8. oktober 2012

Messetider

 

Det er berre ein god månad igjen til den store messedagen.

flaskenissar SH

Har DU lagt ein plan? Er du godt i gang? Eller har du lyst til å vere med for fyrste gong?

Me har plass til fleire produsentar.

søndag 10. juni 2012

Knit in Public day

 

I veke 24 kvart år arrangerer strikkarar over heile verda ulike samlingar der dei strikkar i det offentlege rom.

Stripeleik2a

Laget har teke sommarferie, og arrangerer husflidens dag i september.

Kanskje kan det vere spennande å vere med på ei strikkesamling på Ornes?

Me er nokre damer i Sogn og Fjordane Ravelry, som tenkjer å treffast ute ved Gamle Fjøsen kafè onsdag 13.juni kl. 13.00 – med spøt. Sleng deg med om du har lyst og høve til å markere dagen med oss.

 

wwkipeurope

 

Det går ferje frå Solvorn til Ornes kvar heile time.

onsdag 7. mars 2012

HANDARBEIDSKAFÉ PÅ MUSEET ONSDAG 14. MARS KL. 19.00

 

clip_image002[6]

                      SOGN BUNADNETTVERK

 

clip_image002

 

Pressemeldinga seier:

“Handarbeidskafe på museet om tvebandstrikking.

Sogn Bunadnettverk arrangerer onsdag 14 mars klokka 19 handarbeidskafé på De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum. Da skal vi øve på tvebandstrikking eller totrådbinding. Denne gamle strikketeknikken med to trådar gir varme og slitesterke plagg. Dei som vil læra må ta med seg ullgarn i to fargar og tunne strikkepinnar.

Sogn Bunadnettverk har som mål at fleire skal strikke ”Lærdalsvotten”. Votten frå 1787 er den eldste norske votten i denne type tvebandstrikk, og har sidan 1877 vore i samlingane til Nordiska museet i Stockholm. Den har vakkert farga broderi på handflata og flossa krage med rutemønster.

På handarbeidskaféen vil Bjørg Hovland gi ei innføring i tvebandstrikking og syne nokre døme på bruk. Vi finn lite av teknikken i museet sine samlingar. Om nokon har døme heime ta dei gjerne med på møtet.

Det vert utlodding, open museumsbutikk og servert kaffe, te og kaker i kaféen. Det er gratis inngang og alle er velkomne.”

 

Desse kveldane på museet er alltid så inspirerande og trivelege. Sogn bunadnettverk gjer ein flott jobb for alle husflidsinteresserte i indre strok. Møt opp!

torsdag 23. februar 2012

Kva har denimbukser og Huldreduken felles?


Akkurat. Blåfargen. Den blåfargen.

Det som særpregar dette stoffet med opphav i Nimes i Frankrike, er at det falmar så vakkert med bruk og vask.
Når me veit at duken er omlag 600 år gamal, så er jo fargen fantastisk.


klårast farge på baksida

Siri er i gang med å finne rett farge på broderitråden til rekonstruksjonen sin, og har fått napp nettopp i Frankrike. Der finst ein verkstad som fargar med vaid – til overmål ein økologisk verkstad. Vaid (Isatis tinctoria) er planten som er brukt til Huldreduken. Nærare originalen enn dette kjem ein neppe!

Kjekt at underteikna kunne vere til nytte i dag – då fargeprøvar skulle vurderast, mål takast, og faldar granskast med lupe. Det er ikkje kvar dag ein får høve til å oppleva ein så gamal tekstil. Det finst ikkje så mange av dei.

Neste steg no er å få farga inn det meste av dei 3000 handtvunne metrane med broderlin. Snart kan sjølve broderinga ta til.

onsdag 15. februar 2012

Etter årsmøtet

- så ser styret litt annleis ut, men ikkje mykje.

julemesse 2012b

Planar er lagde for kurs det komande året, og det er tradisjonsbakst som er det mest populære tilbodet vårt.

Me held også fram med studieringane i vev og sølvarbeid. Nokre av produkta frå eine veven vår ser du over her. Dei var til sals på julemessa.

julemessa 2012

Her ser du eit glimt til frå messa.

Messa gjekk fint, sjølv om det var sju messer i bygda same dagen. Mange var innom, og salget gjekk godt. Me har sett neste messedato til 17. november – så blir det spennande å sjå kor mange andre som satsar på den helga.

Rett før jul fekk laget ein Glimåkra Standard-vevstol til. Førebels er den i lause deler, men også denne er i god stand og med mykje utstyr, så me kan få nytta den til å veve mykje fint etter kvart. Me har ikkje plass til meir enn fire golvvevar i lokala våre, så denne erstattar den eldste vevstolen vår. Kanskje kan nokon vere interesserte i å overta den?