Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.


onsdag 15. februar 2012

Etter årsmøtet

- så ser styret litt annleis ut, men ikkje mykje.

julemesse 2012b

Planar er lagde for kurs det komande året, og det er tradisjonsbakst som er det mest populære tilbodet vårt.

Me held også fram med studieringane i vev og sølvarbeid. Nokre av produkta frå eine veven vår ser du over her. Dei var til sals på julemessa.

julemessa 2012

Her ser du eit glimt til frå messa.

Messa gjekk fint, sjølv om det var sju messer i bygda same dagen. Mange var innom, og salget gjekk godt. Me har sett neste messedato til 17. november – så blir det spennande å sjå kor mange andre som satsar på den helga.

Rett før jul fekk laget ein Glimåkra Standard-vevstol til. Førebels er den i lause deler, men også denne er i god stand og med mykje utstyr, så me kan få nytta den til å veve mykje fint etter kvart. Me har ikkje plass til meir enn fire golvvevar i lokala våre, så denne erstattar den eldste vevstolen vår. Kanskje kan nokon vere interesserte i å overta den?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar