No er det tid for å feste trådar, stryke, merke, lage liste – ja, du veit.
Fredag mellom 19.00 og 20.00 tek me imot husflid for salg.
Er du ikkje ein av dei som skal selje noko, håpar me du tek turen likevel.
Me har husflid til salgs, kafé med heimebakst og nysteikte vaflar, og så har me lotteri.
Bileta her er av gevinstar – nokre av gevinstane. Me trekker etter dørene er stengde laurdag.
Me opnar dei klokka 11.00, og stenger kl 14.00. Velkomen skal du vere!