Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.


søndag 17. oktober 2010

Tamburering med Siri

Så mange har me ikkje vore samla på lagsrommet sidan me hadde Aurland husflidslag på vitjing!

 

















 

 

 

 

 

Det er enklast å skildre teknikken som hekling gjennom stoff. På oversida ser det ut som kjedesting. Kanskje er det også derfor at musea kringom ofte ikkje veit om at dei har tamburerte gjenstandar i magasina - ikkje før dei har hatt Else Johnsrud på vitjing.

Siri er i ferd med å kopiere ei konehuve funnen i Jostedalen. Her er brukt tamburering, plattsaum og franske knutar.

Teknikken kom eigentleg frå Kina, fortel Siri, og den har fleire fordeler. Arbeidet veks mange gonger så raskt, stinga blir jamnare, og det er enkelt å rekke opp om det trengst. Kjedesaumen kom til Europa på 1400-talet, og vart helst brukt av kyrkje og adel. Då tambureringa kom på 1700-talet, spreidde den seg raskt til alle samfunnslag.



Siri hadde med seg ferdige arbeid, påbegynte arbeid, og nokre oppspente råmer som me kunne prøve oss på. Ein interessant og litt annleis kveld for alle som møtte. Tusen takk, Siri!

 


 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar