Onsdag 6. oktober vil Siri Benjaminsen vise oss tamburering.
Denne teknikken var brukt til å dekorere nokre av dei gamle hengehuvene som var brukte i indre Sogn i fyrste halvdel av 1800-talet.
Sogn bunadnettverk hadde derfor kurs med Else Johnsrud i teknikken, og Johnsrud var også på Sogn folkemuseum og hadde ein temakveld der for ei tid sidan.
Fotoet er lånt frå Magasinet bunad si heimeside, og her kan du lese meir om teknikken.
Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.
Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.
Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.
Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.
torsdag 30. september 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Gratulerer Årdal husflidslag - ikkje berre er Miranne flink med husflid og data men ho har dei finaste bilda i tillegg!
SvarSlettDette lovar godt!