Årdal husflidslag tel i dag 18 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Me ser at me når fleire på Facebook enn her, så me har valt å legge ut all ny info på sida "Årdal husflidslag" der.


tirsdag 5. mars 2013

Form, farge og funksjon

 

- var tittelen på husflidskonsulenten sin presentasjon sist veke.

 

Godt 20 frammøtte fekk ei lekkert illustrert innføring i Johannes Itten si fargelære.
Omgrep som primær- sekundær- og tertiærfargar var kjende for dei fleste.
Komplementær- og simultankontrast er me ikkje så ofte borti, men det er spennande tema. Spennande var det også å høyre om korleis fargevalg kan endre korleis me oppfattar miljøet kring oss.

 

Ein del av opplegget var hekling av oldemorruter. Der set me samen ulike fargar etter beste evne, ofte av restegarn, og det kan vere greit å ha litt fargeteori å støtte seg på.

                                 

Det går fint an å hekle sjølv om armen er gipsa. Broderi er visst litt verre.

Takk for inspirerande besøk, Synøve. Me ser alt fram til neste gong du kjem til indre strok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar